søndag 20. mai 2012

Norskfaget


Læreplaneni norsk etter kunnskapsløfte (LK07) har fått mykje kritikk, og det hevdas at den er omfattande, utflytande og ambisiøs. Eg har sjølv måtte rette meg etter denne læreplanen sidan ungdomsskulen, så eg kjenner denne godt. Eg har blitt vurdert både i sidemål, hovudmål og munnleg karakter kvart einaste år.

Eg er einige med dei som kritiserer læreplanen. Vi har mange norsktimar i løpet av dei tre åra vi går på vidaregåande skule, og læreplanen stiller store krav. Store delar av norskpensumet synes eg høyrer heime i historie faget. Eg trur derfor mykje av pensumet kunne vore kutta ut eller flytta, slik at det hadde blitt enklare å nå måla.
Er det nødvendig at vi skal bruke delar av undervisninga til å lære samisk, gammalnorsk og den islandske soga?
Kunne ikkje denne undervisningstida blitt brukt til andre fag som til dømes mattematikk, engelsk eller gym?
Læreplanen er altfor omfattande og mykje er irrelevant. Norskfaget krevjar altfor høg kompetanse frå elevane, spesielt i den vidaregåande skulen. Gunnar Skirbekk meiner i sitt innlegg i BT at "leverer høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget." 

Læreplanen for norskfaget må skrivast om, slik at læreplanen blir realistisk og fagleg forsvarleg. Norskfaget bør tilpassast dagens ungdom, for dei har ikkje noko interesse av diktanalyse, tolking av gamle tekstar osv. Alt bør presenterast på ein moderne måte. Læreplanen bør fokusere på kva som er relevant i ein heilt vanleg jobb situasjon. Det som er viktig i ein vanleg jobb er det å kunne fokusere på skriveferdigheter slik at vi kan produsere gode jobbrelaterte tekstar, som rapporter, e-mail, jobbsøknad, journal og artiklar.

Som ein konklusjon så er eg heilt einig med Gunnar Skirbekk om at norskfaget er umoderne og heilt klart treng ein gjennomgang over kva ein bør legge vekt på.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar