søndag 20. mai 2012

Litteratur etter 1980


I det siste har vi sett på litteratur frå tida etter 1980. Vi har lest romanenKjærlighet av Hanne Ørstavik (1997) og sett på korte utdrag av andre tekstar. Ei av desse tekstane var eit utdrag av romanen "Gjøre godt" av Trude Marstein (2006). Handlinga i denne romanen starta i eit femtiårslag. Det handlar om foreldre som høyrer om at eit barn har drukna, noko som seinare viser seg ikkje vera tilfelle. Etter å ha skunda seg til ulykkesstaden, viste det seg at dette var oppspinn. I sinne banka faren hovudet til to av ungane saman, med det resultatet at alle var fortvila. Mora Vigdis held i sonen og spurde «kva tenkte dykk på?».

Eg trur temaet i teksten er konsekvensar, og det at barn ikkje skjønar utfallet av kva enkelte løgner kan medføre.
Trude Marstein 
‘Gjøre godt ‘av Trude Marstein er ei minimalistisk forteljing. Desse tekstane er som regel korte, skrivne med eit enkelt språk og med mykje dialog. Forteljaren viser fram det som skjer utan å forklare noko meir. Spenninga ligg i hovudpersonens psykologi og på det mellommenneskelige plan.
Hovudpersonen har vanskar med å forstå omgivelsene.
Trude Marstein er spesielt kjent for å skriva forteljingar som går inn på mennesket sine indre tankar i avgjerande situasjonar.
Utdraget av "Gjøre godt" synes eg personleg ikkje var noko spesielt bra. I løpet av utdraget skiftar synsvinkelen frå ein person til ein anna. Dette skiftet skjer med da same Niklas sin far går ut av bilen, for da går synsvinkelen over til mora Vigdis. Personleg synes eg dette skiftet var noko forvirrande og vanskeleg å forstå.
Samstundes synes eg at dette er eit aktuelt tema, for slike hendingar har skjedd i mange gonger og vil skje igjen. Born har vanskeleg for å forstå konsekvensar av eige handlingar og her får det meg til å tenkje på eventyret om gjetaren som ropte ‘ Ulv, Ulv‘.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar