søndag 20. mai 2012

Fordjupningsemne 2


Oppgåva min handla om adaptasjonmellom film av boka "Menn som hater kvinner" av Stieg Larsson.
Boka vart utgjeven i 2005, og filmatisert i 2009 av regissør Niels Arden Oplev. Årsaka til at eg valte adaptasjon var fordi eg aldri før har samanlikna ei bok med ein film. Dette virka spanande, for Stieg Larsson har vore omtala som ein god kriminalforfattar.
 
Eg var veldig overraska over at boka var så mykje betre enn filmen. Det er mykje viktig informasjon som man får oppgitt i boka, der detaljar blir beskrivne på ein måte som gjer boka veldig levande.  I filmen "Menn som hater kvinner" forsvinn mange av desse detaljane slik at alt i alt synes eg at filmen blir dårligare enn boka. Hovudinnhaldet var sjølvsagt overført til filmen, men enkelte detaljar var endra og utelatt fullstendig. Filmen har derimot mogelegheit til å bruke andre verkemiddel får å poengtera enkelte hendingar, til dømes spenningsmusikk og dunkelbelysning.

Det og samanlikna ei krimbok med ein film var noko nytt frå mi side. Som regel blir det til at ein berre gjer det eine, og for dei fleste blir det nok til at ein ser filmen. Det som kjem heilt klart for meg er at ei bok har mogelegheit til og referer detaljar som ein vanskeleg kan få fram i ein film.
Det viktigaste eg lærte i arbeidet med dette emnet var korleis overgangen adaptasjon til film fungerte. Det er ikkje så lett som man trur. For å kunne laga ein spanande film treng en gode effektar, ein god plan og helst ein del pengar.
Sjølv om eg hadde høyrt det av andre i forkant, så var eg overraska over at det var slik ein stor forskjell mellom bok og film.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar