Adaptasjon betyr å tilpasse. Adaptasjon frå litterære tekster til film er veldig vanlige i vår tid, dei fleste filmane som kommer ut i dag har utganspunkt av ein roman. Dersom ein bok er populær er det stor sannsynleg heit for at ein eventuell film med lik handling også blir populær.
Den siste filmen eg har sett er basert på Stieg Larssons kriminalroman «Menn som hatar kvinner». Eg hold på og lesa denne romanen, og eg syntes at boka er veldig spennande. Denne romanen ble i 2006 kåret til Skandinavias beste kriminalroman, og seinare er boka blitt filmatisert.
Eg har ikkje lest so mange bøker, men eg har eit inntrykk av at bøker har mykje meir handling og innhole enn ein film, slik at boka kommer meir inn på detaljane enn filmen. Ein film følgjer ikkje alltid heile innhaldet i bøkene og som oftast blir historia endra av regissøren bak filmane.
På skulen fekk vi sjå Tatt av kvinna, som er ein roman av Erlend Loe. Filmen er ein komedie frå 2007, som vi fekk sjå på skulen. Temaet i filmen er kjærleik. Filmen har ein oppbygning slik at tankane til hovudpersonen blir fortalt med ein egen forteljar stemme, kalla voice-over. Filmen handlar om forholdet mellom mann og kvinne. Hovudpersonen prøver og finne seg sjølv og finne ut kva han vil i livet, han blir hersa med av Marianne. I slutten av filmen finn han seg ikkje i denne undertrykkinga og dominansen av Marianne lenger, han bestemmer seg for og gjera da slutt. Eg synas at filmen var særs god og eg kan anbefala den!
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjwCQAHVnqotPI6FhGTW26D_wptBBNoMz5XOHC9hYE2EO8ueRwYOpqqLSYR-rmwV8J_vAnu87VCGU40pdRDJuX-j0DOsSHqGZGjy3fSu3uI9pR7JQywuBA53SAA2WqAEyw-z1ffYrtlwwpJ/s200/GoneWithTheWomanCQ18.jpg)
Kjelde:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar