Eg bur på ein lita øy på Vestlandet, rett utafor Bergen. Eg litt i byn som liten, men so flytta vi til Sotra. Her snakkar dei fleste Bergens dialekt, dei uttalar "jeg" som "eg", "ikke" som "ikkje", eg brukar e-mål, diftongar og eg har den tydlege skarre-R som spesielt bergenserar er kjent for. Min dialekt blir ofte kalla for gate bergensk. Vi har ikkje tjukk L, blaute konsonantar, palatalisering.
Når du kjem lenger ut på øya Sotra, vil du merke at dialektar endrar seg. Eg går på skule med nokken som kjem frå Sund og Øygarden og eg merkar stor forskjell på dialektane våras. Nokon av dei sei «gjera» og «ein jenta» og eg seie «gjøre» og «en jente».
Mine foreldre snakkar ein anna dialekt enn eg gjer, min mor er frå Austevoll ein øy utanfor Bergen og min far er frå Ålesund. Slik at eg får mykje forskjellige dialekt innspel i heimen. Begge snakkar ein blanding av dialekt når dei er på Sotra, men med ein gong dei reis heim til heimstaden deira, bytar dei dialekt til den dei hadde i barndommen. Eg snakkar med den same dialekten uansett kven eg snakkar med, om eg er med familien, vennar eller framande.