Oppgåva min handla om adaptasjonmellom film av boka "Menn som hater kvinner" av Stieg Larsson.
Boka vart utgjeven i 2005,
og filmatisert i 2009 av regissør Niels Arden Oplev. Årsaka til at eg valte
adaptasjon var fordi eg aldri før har samanlikna ei bok med ein film. Dette
virka spanande, for Stieg Larsson har vore omtala som ein god
kriminalforfattar.
Eg var veldig overraska
over at boka var så mykje betre enn filmen. Det er mykje viktig informasjon som
man får oppgitt i boka, der detaljar blir beskrivne på ein måte som gjer boka
veldig levande. I filmen "Menn som hater kvinner" forsvinn mange av desse detaljane slik at alt i alt synes
eg at filmen blir dårligare enn boka. Hovudinnhaldet var sjølvsagt overført til
filmen, men enkelte detaljar var endra og utelatt fullstendig. Filmen har
derimot mogelegheit til å bruke andre verkemiddel får å poengtera enkelte
hendingar, til dømes spenningsmusikk og dunkelbelysning.
Det og samanlikna ei krimbok med ein film
var noko nytt frå mi side. Som regel blir det til at ein berre gjer det eine,
og for dei fleste blir det nok til at ein ser filmen. Det som kjem heilt klart
for meg er at ei bok har mogelegheit til og referer detaljar som ein vanskeleg
kan få fram i ein film.
Det viktigaste eg lærte i arbeidet med
dette emnet var korleis overgangen adaptasjon til film fungerte. Det er ikkje
så lett som man trur. For å kunne laga ein spanande film treng en gode
effektar, ein god plan og helst ein del pengar.
Sjølv om eg hadde høyrt det av andre i
forkant, så var eg overraska over at det var slik ein stor forskjell mellom bok
og film.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar